BOK I VALDRES 2021 - STEIN TORLEIF BJELLA m.fl

Om arrangementet

Måndag 29. november vitjar romandebutant Stein Torleif Bjella Kulturhuset på Fagernes for å presentere boka «Fiskehuset».

I romanen møter vi ein 47 år gamal barnlaus og einsleg kar som dreg på fisketur med onkelen sin. Ifølge forlaget Oktober, som gir ut romanen, handlar boka om ei veke haustfiske, kunstens indre vesen, naturen som dundrar fram, kjærleiken, sanningsord og Den Store Endringa i livet til hovudpersonen Jon Aslesson Aal.

Boka har fått strålande kritikkar, og under årets «Bok i Valdres» får vi høve til å bli betre kjend med hovudkarakteren i Fiskehuset, og forfattaren sjølv. Bjella, som er fødd på Ål, debuterte som forfattar i 2017 med den kritikarroste diktsamlinga Jordsjuk­antologien.

I tillegg til å bli bokbada, held Bjella ein minikonsert på Fagernes denne kvelden. 

Fleire lokale forfattarar vil også presentere eigne utgjevingar frå i år, mellom andre Hallgrim Rogn og Knut Lerhol, som har gjeve ut boka Badstufolk, ei reise inn i den norske badstukulturen. Historien om vinter-OL 1924–2018 er snart ute i marknaden – og blir presentert bokkvelden. Boka er skrive av Øyvind Tronstad i samarbeid med Hans Olav Lahlum. 

«Bok i Valdres» er eit årleg arrangement i regi av Nord-Aurdal Mållag, Nord-Aurdal folkebibliotek og Norli på Fagernes. Bok i Valdres vart arrangert fyrste gong i 2011. 

Arrangørane fortel at det er mogleg å kjøpe billett i døra, men dei ser gjerne at folk kjøper billett på fagerneskulturhus.no på førehand. Det blir mogleg å kjøpe bøker frå Norli Fagernes og Kvitvella Forlag, i tillegg til kaffi og kaker. 

Arrangementskomiteen består av Bente Hagaseth frå Norli, Torill Johme frå biblioteket, og Knut Aastad Bråten og Sigrid Havig Berge frå Nord-Aurdal Mållag. Dei ser fram til det som forhåpentlegvis blir ei stor litterær oppleving i haustmørkeret.