Eg er Tølleiv - Historia om kniven, fela og Kjørstaddreparen

Om arrangementet

Har du hørt om og blitt fascinert av historien om "Det blodige bryllupet på Dale"? Da er dette garantert teaterforestillingen for deg!

For to hundre år sidan skjedde eit dobbeltdrap i eit bryllaup på garden Øvre Dale i Vestringsbygda. Under rettssaka kom det fram at drapet skjedde i sjølvforsvar, og drapsmannen gjekk difor fri.

I åra som kom, vart det spunne mytar både om kniven som drap og om fela som spelte i det blodige bryllaupet. Kniven vart sagt å ha heilande krefter. Låtten som vart spelt, heiter Kjørstaddreparen og er framleis ein mykje brukt springar.

Diktaren Johan S. Welhaven lét seg inspirere av hendinga og skreiv i 1845 diktet Åsgårdsreien; ei mektig skildring av dei mørke kreftene som verka denne førjulsnatta i 1823. No fortel vi historia på nytt, 200 år seinare. Rettsdokumenta fortel mykje om dei faktiske hendingane. Bygdehistorie og slektsbøker fyller på. Etterkomarar som lever i dag kan referere munnlege historier som fargelegg og nyanserer det svart-kvite biletet om skuld og uskuld.

Kvar går grensa for sjølvforsvar?

Korleis blir livsvala våre påverka av utanforskap, fordommar og indre uro?

Kva er ei Åsgårdsrei, og kvar kjem ho frå?

Og bak og over ligg lyden frå fela som spelte då, og som spelar no.

Bakgrunn og medverkande

På oppdrag frå Jørn Hilme-stemnet skreiv tekstforfattar Alice Gudheim manus til framsyninga i 2023.

Regissør Ragnhild Lund har lang fartstid frå det profesjonelle teaterfeltet. Ho har arbeidd som skodespelar, manusforfattar, med produksjon, casting og regi.

Dominik Smith Phillip er lyd-designar som mellom anna er tilsett i Hallingdal lyd.

Folkemusikar Henning Andersen er musikalsk leiar. Han har henta fram att den gamle slåtten og fått høve til å spela på den originale hardingfela som vart brukt i bryllaupet i

1823. Den sprøe lyden frå gamlefela er eit av fleire berande musikalske element i framsyninga. I tillegg har han komponert ny musikk og er både musikar og skodespelar på scenen.

Frå den profesjonelle teaterscenen kjem Cato Skimten Storengen og gestaltar hovudrolla. Cato er opphavleg frå Valdres, han jobbar til dagleg fast på Rogaland teater og i Statsteateret og er eit kjent ansikt frå fleire tv-produksjonar.