Eides språksjov!

Om arrangementet

Under parolen språk er sjov! gyv Linda Eide, Gunnstein Akselberg og Sjur Hjeltnes laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Dei hyllar og herjar med den språklege kvardagen vår, og byr inn til språkleg påfyll i ein beint fram hyggeleg og eksamensfri atmosfære! Sidan dei er på besøk i Valdres, vil dei gjerne møte lokale størrelsar. Ørnulf Juvkam Dyve stiller opp med trekkspelet sitt og med god kunnskap om valdresdialekta.

Linda Eide er journalist, forfattar og kåsør og kjem frå Voss. Ho har vore programmedarbeidar i NRK sidan 1990. Sidan 2017 har ho vore programleiar for Eides språksjov.

Gunnstein Akselberg er namnegranskar og professor emeritus i nordisk språk ved Universitetet i Bergen. Han er fødd på Voss og har vore fast gjest i Eides språksjov frå starten.

Sjur Hjeltnes er pianist, komponist og komikar og kjem frå Voss. Han har vore med i Eides språksjov sidan starten, som organist og musikalsk moromann.

Ørnulf Juvkam Dyve kjem frå Bagn og er medlem i Staut, der han som «visegeneralsekretær» har komponert dei fleste songane. Elles er han lærar og leiar for Ung i Valdres ved Valdres vidaregåande skule, og han er tilsett ved Vestoppland fengsel, avdeling Valdres.

 

Arrangør: 60-årsjubilanten Nord-Aurdal Mållag