Karl Seglem - MYTEVEGAR (myth.path.hope)
Billetter
Om arrangementet
Karl Seglem tar med seg et stjernelag til Fagernes Kulturhus
Karl Seglem er ein grensesprengande musikar (tenorsax/bukkehorn) som bevegar seg uanstrengt i eit ulike musikalske landskap. Ein uredd utøvar/komponist. Gjennom sine over 30 år som plateartist og over 40 album, er han framleis nyfiken, og han har skapt sitt heilt eige uttrykk med solid forankring i det urnorske. Ei unik stemme som stadig klarar å vera nyskapande og tradisjonsbærande på ein og same tid. Den nye konserten MYTEVEGAR (myth.path.hope) hentar sin hovudinspirasjon frå myten om Balders død og med dikt frå hans poesisamling "Djup redsle. Djup ro". Den visuelt utvida konserten fabulerer rundt natur- og klimakrisa vi alle står i. Alt den har å by på av eksistensielle flokar, våre eigne handlingar, vår rikdom, vårt forbruk. Ein kraftfull poetisk og spennande konsert som også blir lansert som album (2LP) 20.10.2023.
Bandet består av:
Karl Seglem, ten.sax, bukkehorn, stemme
Erlend Viken, feler, vokal
Andreas Vold Løwe, tangenter
Hallvard Gaardløs, bass, vokal
Kåre Opheim, trommer
Alf Magne Hillestad, perkusjon, electronics
Hør musikken her:
SPOTIFY https://open.spotify.com/album/53R5ZirYkOXlDVzjABewN9
TIDAL https://tidal.com/browse/album/291657268