KURVE - LIVSBILDE

Om arrangementet

Kva påverkar livskvaliteten vår, og korleis kan vi røkte den mentale helsa?

Det er tema når Kurve inviterer til showkonserten «Livsbilde». Vi byr på ein kollasj av bilde som til saman kan likne eit liv – i ein spegel, ei ramme eller som eit motiv.

Repertoaret fortel om håp, samanbrot og det å hente fram meining att. Vi syng om korleis vi kan tåle oss sjølve og støtte andre, om meining, lidenskap og fridom. Kanskje er den viktigaste bodskapen korleis vi som menneske må gje kvarandre mot til å syne fram dei sanna fargane som finst inni oss. I «Livsbilde» covrar Kurve «True Colors» - og Stein Torleif Bjella, John Lennon og Sigrid, og Coldplay og Trond Viggo Torgersen og mange fleire. Kom og høyr!