Valdres Barne og ungdomsteater: Emil i Lønneberget

Om arrangementet

Gled dykk til dei kjente historiene og songane frå vår felles barndoms sumar!

Valdres barne- og ungdomsteater har gleda av å ta dykk med til Katthult! Her møter vi Alfred og Lina, vesle Ida, Anton og Alma, Syltemaja, Fru Petrell og Bulten i Bo. Og midt i det heile står den evige spilloppmakaren Emil, alltid klar for nye hyss og rampestrekar.